Vegvalget
Eg hadde så mykje uskapt, så difor vart det
leire på heiltid frå hausten 2006. Eg sa opp lærarstillinga mi etter 26 år i
grunnskulen i Kongsberg.
I 2001 fekk eg Solsikkeprisen som beste utstillar på Kjerringtorget i Nesbyen.
Dette vart eit vendepunkt for meg. Det var ein kjempeinspirasjon - folk sette
pris på produkta mine - ideane byrja å bobla for alvor - dagane vart for korte -
og eg tenkte: "seinare vert det ofte for seint". Eg måtte ta eit vegvalg.
Bakgrunn/utdanning
Eg er vossejente - født i 1954, men har budd på Kongsberg mesteparten av mitt vaksne liv.
Sjølvlært keramikar
Som keramikar er eg sjølvlært. Eg vart fortapt i materialet som 17-åring. Opp gjennom åra har eg eksperimentert, prøva og feila, og lært mykje om det utrulege materialet.
"Kreativitet er å finne opp, å eksperimentere, å vokse, ta sjanse, bryte regler, gjøre feil og ha det gøy". M. L. Cook
Eg jobbar no med steingodsleire og spektrumfargar(smeltebegitning) frå Scan-Form A/S. Eg byggjer gjenstandane eller brukar former, og legg stor vekt på heilskapen mellom form og dekor. Skravureffekten har blitt mitt varemerke, og eg jobbar mykje med overflata. Blanke og matte flater mot kvarandre skapar spenning.
Det at folk set pris på produkta mine inspirerer
meg storleg.
"Å skape uten å gi det videre, er like meningsløst som å tale uten at noen hører
på". Anne Grete Preus